Kva er di erfaring med oss som leverandør av byggetenester. Ta gjerne kontakt hvis du er misnøgd.
 
Ord frå kvisten
Nytt år godt i gang!

2011 er godt i gang! Snart har januar gått av årets 

Read more...
 
Ny heimeside
Så er heimesida mi oppe og går att, etter at den forrige forsvann i cyberspace! :-)
Read more...
 

Nytt år godt i gang!

2011 er godt i gang! Snart har januar gått av årets 

første månad, og ordreboka er allereie bra full til langt utover! Også i år blir det ei sjarmerande blanding av nybygg og gamle hus som skal ha tiltrengt reparasjon! Sitt du i tenkeboksa vedr. valg av handverkar for eit eller anna slags byggeprosjekt du vil gjennomføre i år, så rår eg deg til å kontakte den/dei du vil bruke til å bygge ditt drømmeprosjekt så snart som råd er. Dei fleste av oss i bransjen her i kommunen har stort sett bestandig jobb i "lange" tider framover, og felles for oss er at ingen liker å måtte takke nei til interessante jobbar fordi vi har blitt kontakta for seint!

 

I år skal visst Kari og Ola Norsking pusse opp hus og heim for rundt 50 milliardar kroner, etter det eg har sett. Ein ufatteleg sum. Det har blitt meir og meir kostbart å bygge, mykje takka vere strengare krav frå styresmaktene m.t.p. energi og tetthet. Tanken er at du som bebuar i eit hus skal spare inn dette på straumrekninga etter ei viss tid. Tanken er nok bra, men kor bra det FAKTISK  er å ha hus så tette at du MÅ ha ventilasjonsanlegg.....det er eg personleg usikker på.

Har du forresten lest annonsa der nokre utanlandske arbeidarar skal leie seg ut til 150,- kroner timen pluss mva? Annonsa minner meg litt om ei gardintrapp eg såg hos ein kunde ein gong. Den var laga av aller lettaste og tynnaste aluminium, og kosta sikkert veldig lite samanlikna med dei kraftige eg  bruker på jobb fem dagar i veka. Den var knekt tvers av nederst, og det er berre å håpe at ingen skada seg for mykje når det skjedde. Det kan bli veldig dyrt å handle billig, folkens! Kroken på døra er det noko som heiter....her til lands har vi jo slutta å ha etniske nordmenn til å utføre jobbar som jordbærplukking og vasking og slikt, dei såkalla drittjobbane.... Er byggebransjen neste drittjobb no eller? Eg misunner ikkje nyoppstarta ungdommar som  vil skape seg ei framtid i byggebransjen, om konkurrranse på slike vilkår er framtida!