Tømrarmester Hallgeir Gjerdset
Bygge?
Står du på terskelen til å bruke tid,pengar og energi på å bygge deg din eigen bustad? Eller skal du ha ei hytte, ein garasje eller har du skaffa deg eit gammalt hus "med potensiale" jamfør salgsprospektet? Eller skal du kun pusse opp eit bad? Skifte eit vindu eller ei dør? Uansett kva du skal av dette, så er det jamnt over behov for m.a. ein tømrar til å få det gjort. Eg er ein av veldig mange i den bransjen her i kommunen. Når du skal velge ein tømrar som du kjem til å betale kanskje store summar for å få gjort det du ønsker ,er det viktigaste at du plukker ut ein som har godt rykte, og som er kjent for å gjere godt arbeid. Husk at billig kan bli dyrt, og at "dyrt" kan bli billig på lang sikt! Sidan slutten av 80-åra har eg jobba etter den enkle regel at jobben skal bli utført slik at det aldri er grunn til å klage på resultatet, jobben skal bli gjort ferdig utan unødvendige og lange opphald, kundane skal alltid bli varsla om eg ikkje kan møte opp som avtalt. For stort verre er det ikkje å få tilfredse kundar!Ønsker deg lykke til med ditt byggeprosjekt - håper vi treffes der!
- Svennebrev i 1984.
- Jobba i Oslo 1987-88.
- Tilbake i Rauma 1988, jobba som sjølvstendig tømrar/innleid av andre.
- Heilt eigen praksis frå 1992, etter kvart ansatte.
- Mesterbrevet i 1995.
- Grunnkurs våtrom 1996.
- Dagleg leiar i Tømrarmester Gjerdset AS frå 1/1-96, stadig fleire ansatte.
- Dagleg leiar i Bygg 4 AS frå 1998 til 2000, opp mot ti ansatte på det meste.
- Frå 2000 til d.d. eige firma igjen som Tømrarmester Hallgeir Gjerdset, ansatte i periodar, men også samarbeid med andre sjølvstendige tømrarar.